søndag 24. oktober 2010

Dei har gått sin del…

Vinterskoa mine som eg har hatt nokre år har hatt betre dagar. Dei har sett solfylte vinterdagar og slapsete slurvedagar. Oktober 003

Men du og du kor gode dei har vore…

I går var vi på amfi og eg såg bedande på min kjære. Eg har lenge ønska meg nye vintersko, men det har blitt andre prioriteringar. Dei vart nok søndertrakka når eg gjekk gravid, for no var dei IKKJE noko gode å gå i. Eg gjekk i smerter når vi var på amfi igår, rett og slett… På begge skobutikkane på kjøpesenteret var det fullt i folk. Den eine butikken hadde ei kampanje, 3 for 2…Eg kødda med at ein fekk tre sko til prisen av to…Og måtte då kjøpe seks sko for å få tre heile par.

Men det vart kjøpt berre eit par. Og det var til husfrua sjølv, eg har ikkje akkurat spandert så mykje på meg sjølv i det siste. Oktober 004

Desse har tatt dei gamle sin plass, og skal få sjå solfylte vinterdagar og gode trilleturar. Oktober 005

Eg er rett og slett forelska! images

3 kommentarer:

  1. Fine! Jeg har også kjøpt meg nye vintersko nå! Må ha gode sko når man skal trille mye ute i vinter! :)

    SvarSlett
  2. Hærlig! Gratulerer med nye sko ;) Eg har og kjøpt meg nye - no er det slutt på å gå våt på beina i snøen! :)

    SvarSlett
  3. so fine dei va! ej må også finne mej nye..

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails