søndag 17. oktober 2010

Med dempa belysning

Var det duka for ein vidunderleg kjærast kveld. På menyen sto det ovnsbakt kyllingfilet med heimelaga fløytesaus og chips. Fantastisk god middag for ein ekte kjærastkveld. På fjernsynet dansa haustyre kjendisar på TV2, medan vi gleda oss til å sjå resultata. Og det var nok det rette paret som måtte avslutte den intense dansetreninga for denne sesongen.

Gutungen sov søtt i senga si då vi satte filmen som dumpa ned i postkassa no i veka, i dvdspelaren. Eg har lenge hatt eit ønske om å sett akkurat denne filmen, sjølv om eg ikkje har haurt så mykje om den. Tittelen har fanga mitt hjarte, noko som freista mi nysjerrighet, ja rett og slett pirra nysgjerrigheta mi. “The Last Song” dumpa ned i postkassa no i veka, og eg jubla. Nokre dagar før dette satte eg denne filmen som første prioritet på lovefilm lista mi, og eg kan ikkje sei at eg angrar. Fy fader for ein film, unnskyld uttrykket, men eg meiner det. Eg anbefalar alle å sjå denne filmen, den kjem til å gripe hjarterota di. Ein får bli med ei ung jente på ein sommarflørt, far og datter kjærleik, tenåringsproblem, og ekte følelsar.

Filmen har ikkje fått den beste kritikken, og det har gått hardt ut over Miley Cyrus som er hovudskodespelar i denne filmen. Men når det sant skal seiast så er ho kome langt frå Hannah Montana når ho spelar Ronnie i denne filmen.

Frå filmen… Songen som faren skreiv til Ronnie, men som han ikkje rakk å fullføre…

Både eg og Frank sat med tårer i augekroken når filmen var ferdig. Eg er veldig svak for filmar der musikken står i hjartet til skodespelarane, og denne er ikkje eit unntak. Den set følelsane i sving.

2 kommentarer:

  1. Den har jeg lyst til å se, men aldri i verden om jeg hadde fått Tore til å se den sammen med meg :p Nei, får nok bare jage han ut av leiligheta en kveld ;)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails