søndag 3. oktober 2010

Så rask som vinden…

Ja, det er helga det. Den flyg av stad, raskare enn lynet rett og slett… Den starta med filmfredag, etter ei god natts søvn var det tid for litt familietid før gubben i huset for på gokart kjøring og sosialt samvær med jobben sin på ettermiddagen. Dei skulle kome tilbake i nitida, men dei ha det så kjekt at dei utsatte det nokre timar. Så familietid vart det lite av, det vart også lite av kjærestetid, men så skal det også seiast at det er utruleg godt å få litt åleinetid, sjølv om ein har ein liten gut å ta seg av. Ein får iallefall vere aleine når gutongen søv.

Søndagar er som regel total avslappingsdag, og ein dag eg forbinde med familiekos og vennetid. Vi var først på fårikål middag med eldste bror min, før vi reiste av stad i 1/2 års dag til vesleguten til Monica og Per Helge. Er kjekt å kome saman med folk som har born som er omtrent like gamle som vår unge. Sjølv om vår vesle gut er litt mindre enn dei andre sine born, så ser ein likheter, og ein kan samanlikne ungane. Ja dykk som er foreldre veit kva eg snakkar om, og dykk som ikkje har born (enno) forstår det når dykk får born.

På søndagskvelden leigde vi tre filmar på mix. Kosta no berre 10 kr for å leige ein film, så eg raska med meg tre stk. Og takk å lov for det, vi såg ein av dei, prøvde oss på ein annan, men det vart fiasko, den tredje såg vi 40 minutt av før vi i det heile opna kjeften å sa at vi ikkje ville sjå meir. Kvifor skal ein pine seg igjennom ein time til med filmen dersom den ikkje fell i smak?

Haust 2009 022

Ha ingen bilete frå helga, så eg legg ved eit haustkort eg har sendt til nokre vener, ei lita hausthelsing frå Volda.

Har du hatt ei fin helg? Sum og summarium har iallefall vi hatt ei fin helg, mykje action og mange kjekke folk.

Dykk får ha ei god veke, anten dykk har haustferie eller om dykk skal jobbe etc.

2 kommentarer:

  1. Ej e spent på ka filma du leigde? :)

    Ej og Bjørn Ottar såg Sideways laurdag. Vi såg faktisk heile, men vi piiiinte oss gjennom og venta på at det skulle bli action. Nåke det aldri vart.. For en drittfilm.. :p

    SvarSlett
  2. Høres ut som ei bra helg:)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails