Brr, gradestokken viser knappe 3 grader ute, og det kjenner ein også inne. Må få lufta ut av og til, med då frys ein både her og der.
Snart kan ein sjå Ørsta pynta med denne fine snøen. Når snøen ligg på bakken dekker den alt rotet ute. Vi har ikkje tatt inn hagemøblane våra, heller ei grillen. Så på dagens plan skal dette gjerast. I tillegg skal vi ommøblere på soverommet, sidan Marius til tider frys om morgonen. I tillegg så blir det knapt med plass når sprinkelsenga skal i hus.
Eg gledar meg til å leike i snøen, for i vinter måtte eg berre stå å sjå på, og ta bileter. Men no er eg ikkje gravid, så no kan eg gjere som eg vil. Dette trur eg alle mine tanteborn set stor pris på, då dei hadde veldig bedande auger i vinter når dei skulle ut å leike seg. Så til vinteren skal vi kose oss med aking og baking i snøen.
Men før snøen kjem skal ein nyte hausten, det siste ein får nyte av den. For snøen kjem nok før ein anar det.
God morgen alle lesarar, håper dykk får ein kjempefin søndag
SV: Åh, ja!! Det gjør jeg også! :)
SvarSlettGleder meg til å ikke gå høygravid på krykker på holka! Håper vintern blir kald, kald, kald, så vi slipper snø-smelt-snø-smelt-snø-smelt. Det ødelegger hvertfall den lille vinterfølelsen min :p
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlett