Fingrane mine har ikkje dansa over tastaturet denne veka. Blogglysta ha vore der, men kriblinga i fingrane har forsvunne. Så i stadenfor å taste på pcen har eg strikka på prosjektet mitt, noko som har resultert i at eg må avgarde å kjøpe meir garn for å fortsette. Kan ikkje gå helga i møte utan meir tråd.
Tidligare denne veka opplevde eg noko merkeleg, eg har hatt ei levandes vekkerklokke i fem månader no, men her ein dag fungerte slumreknappen på vekkarklokka mi. Eg putta i smokken i åtte tida, og fekk sove til 10.30. Var meget forfjamsa når eg vakna to og ein halv time seinare. Heile dagen vart heilt rar, og eg klarte ikkje å kome inn i rutinene til Marius denne dagen. Men det var vel hans eigen feil?
Seinare i dag skal vi på fem månaders kontroll. Er heilt utruleg kor fort tida har gått, er no ikkje så lenge sida eg pressa han ut? Kjem nok oppdatering frå kontrollen etterpå.
Ja, trur det blir kjekt med ein tur :)
SvarSlettLykke til på kontroll - syns ikkje det er lenge sidan du skreiv på bloggen at du vsr gravid eg... ;) Så tida går fort ja!
Deilig å få sove så lenge da:) men skjønna d du sei om at dagen blir heilt rar, og d e vanskelig å komme inn i rutinene. Alt blir liksom så forskyvd og feil:P
SvarSlettSV: Jo lengre snøen holder seg unna, jo større er sjansen for en super start på vintern ;)
SvarSlettSV: Det hjalp MASSE da Tore flytta routern 1/2 meter eller no. Haha! Plutselig gikk alt som en lek ;) Åh, jeg forguder Live Writer rett og slett! Alle andre steder så hadde vinduet oppdatert seg og gitt meg en feilmelding, og så hadde jeg mista all teksten min. Nei. Fantastisk oppfinnelse! <3 :D
SvarSlett