søndag 16. januar 2011

Beklager kjære nabo

Dette er eit innlegg frå min gamle blogg

Det var verkeleg ikkje slik eg ville det. Var det mi skyld at dette skjedde? Kunne eg ha unngått det? Eg er sanneleg ikkje sikker…
Det var ikkje meininga å treffe deg og ungen din når dykk aka nedover, men eg trengte farta og vegbana oppover. Eg skulle kome meg heim, til middag.Du og ungen din fekk vondt, ja eg både såg og haure det når eg hadde stoppa motoren.
Vi ville alle at det skulle gå bra, men det gjor ikkje det denne gongen. Eit barn er så skjørt når det treff andre ting, spesielt harde ting, som ein bil.
Ord blir så fattige i slike situasjonar, ein veit ikkje kva ein skal sei til pårørande, eller folk som er råka generelt.

Heldigvis er ikkje dette ei sann historie, men eg har tenkt tanken mange gongar når eg ser uansvarlige vaksne og ungar ake på akebrett på bilvegar. Vi bur ovanfor eit byggefelt, og for å kome oss heilt opp (utan 4wd) må vi ha god fart frå starten av. Vegen er også svingete og kronglete. Når vinteren er her er det mange som leitar fram akebretta til ungane og let dei ake i vegbana. Kva hjelp vel refleks på ein unge som akar på akebrett i vegbana, når ungen ikkje høyrer bilmotoren pga. snøven dempar lyden? Det fins mange bakkar å ake i, som bilane ikkje treng. Og når ein har aka nok gongar der, så har ein ei fantastisk bane.
Lat dette vere helgas tankevekkar. Vil du ut å ake i vegbana å bli truffe av ein bil? Eller vil du at ungen din skal bli henta med ambulanse neste gang han/ho er ute å akar? Tenk litt over dette…

2 kommentarer:

  1. Har stadig tenkt tanken på dette eg også. Det er så idiotisk... Dei voksne er opptatt av trafikktryggleik, trumfar gjennom fartshumpar osv, men så snart snøven kjem, let dei ungane ake i veibana... Idioti!

    SvarSlett
  2. Åhhh gud. Jeg fikk helt vondt i magen på begynnelsen her. Jeg ble så glad da jeg så at det ikke var en sann historie. Snakk om å få igjennom et poeng! STERKT!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails