Har eg verkeleg funne meg ein ny hobby?
Eg har lenge beundra dei kreative sjelene som gang på gang imponerar meg med nydelege kort og andre papirgreier. Og sagt til meg sjølv, dette vil eg også klare…Men SÅ kreativ er ikkje eg… Uansett kor mykje eg prøvar, så endar det opp med å sjå ut som noko ein førsteklassing har laga, og det er ikkje tull ein gong. På folkehøgskulen var vi ein gjeng som samlast i peisstova for å lage julekort, vi bytta på pynt og delte idear, men julekorta mine var prikk like dei eg laga på barneskulen, eg har IKKJE utvikla meg.
Då vi var i bursdagsselskap i romjula så sa eine niesa mi, “åhh tante, du e so flinke til å lage stilige bursdagskort”. Og det er kjekt å høyre, utan tvil! Så mi nye hobby har faktisk blitt digital scrapping. Det var eg som laga dåpsinvitasjon, takkekort, julekort og det er eg som lagar bursdagskort her i heimen. Og ja, til og frå lappane som var på pakkane frå oss i jula som var, dei var det eg som laga.
Viser nokre eksempel på kva eg har laga. Desse laga eg før eg fann myyyyykje kjekt på internett..
I staden for å gå på butikken eller bestille på internett så kan eg laste ned mykje utstyr til å scrappe. Og når ein kjøper utstyr i butikken eller bestiller på internett så har ein gjerne ekstra giv der og då til å scrappe, men når alt kjem til alt så blir det eit tiltak. (Iallefall å rydde opp) Små papirbitar her og der +++….
Så i går kveld då Frank var i Molde ein tur, så sat eg å lasta ned MYKJE scrappeutstyr, og eg er ikkje ferdig, for det er fullt av utstyr på internett.
Ja, ein finn rett og slett mykje rart på internett, og eg er som sagt ikkje ferdig med å laste ned. Totalt vart det vel nermare 500 bakgrunnar, ting, rammer o.l. som vart lasta ned og sortert igår. Har du forslag til sider der ein kan laste ned gratis utstyr?
Å kor kjekt! Flinka :D
SvarSlettSV: Da må pc'en også ha bluetooth, og det har den ikke...
SvarSlettIngen forslag til plass å laste ned, anna enn å bruke Picasa og Photoscape, men det regnar eg nesten med du veit om. Men kanskje du vil dele nokon tips?
SvarSlettDigitale scrappingmuligheter er konge! Jeg kan ikke tegne, men i photoshop kan jeg ta helt av. Ahh, hva den teknologiske verden kan gjøre for oss. Og scrapping er jo en flott hobby. Elsker å se hva folk kan lage.
SvarSlett