Så utrulig artig! Eg har lenge hatt lyst på eige bilete på visakortet, men eg visste ikkje at det var SÅ enkelt å ordne det. Eg vurderte eit par sekund om eg skulle ta eit bilete av Marius på, men neeei, eg torer ikkje. Tenk om eg mister kortet, og så har ein ekkel person funne det, og tek vare på det pga fotoet. Nei, eg valde eit privat naturbilete som eg tok sjølv for nokre år sidan.
Dette fotoet valde eg, og det er tatt vinteren 2007, hjelpe meg, det er fire år sidan. Det vil seie at til hausten er det fire år sidan eg vart kjend med Frank.
I dag har eg vore på eit av mine siste barseltreff på dagtid for denne gong. Var kjempe kjekt å treffe alle ungane og mødrene deira etter jul, men vi sat å prata om å byrje i jobb igjen, og eg trur dei fleste ha lyst til å vere heime ei stund lenger. Men der er nokre som skal vere heime heile sommaren, og eg misunner dei så absolutt. Marius likar seg godt saman med dei andre borna, og han er faktisk den nest eldste, sjølv om det ikkje virkar slik. Men vi snakka om å ta eit treff for mødrene også ein gong, på kveldstid, gjerne med noko godt i glaset, og det håpar eg skjer, for desse mødrene er det nok futt i.
Kjempefint bilde du skal ha på kortet ditt!! :)
SvarSlettSkjønna godt at det ikkje frista å jobbe igjen, det gjor det ikkje for mej me :p So da e løysinga å få en unge til rimelig kjapt ;)
Fint bilde:) Håpe du e meir heldig me det enn ej va når ej bestilte... Først fikk ej me feil motiv og feil konto, so fikk ej til rett konto, men me et standardbilde. Omsider ette en del tura ned i banken so fikk ej da rett! So lykke til;) Ej me tok landskapbilde, i tilfelle det blir stjelt og sann:)
SvarSlettDet var et utrolig stemningsfullt bilde :)
SvarSlett