tirsdag 4. januar 2011

Eg skjønar ikkje

Eg skjønar rett og slett ikkje kvifor eg skal vere så uheldig å treffe på isen kvar gong eg skal ut å farte for tida. Kanskje det er fordi eg ikkje er så mykje ute å fartar, og isen dukkar opp kun fordi eg skal flytte bilen?

Uansett, på søndag måtte eg på bensinstasjon for å kjøpe graut til jr, starta bilen slik at den fekk gjere seg god og varm til eg skulle kjøre, medan eg kosta av den all snøen. I det eg skulle rygge den bak ante eg uråd, fekk flytta den ei billengd før eg sat fast, kom meg korkje fram eller bak. Og eg prøvde fleire gongar, men neida. Gjekk for å hente ei spade, slik at eg kunne prøve å spade vekk litt snø, samstundes som eg ringte sambo – i håp om at Marius sov, og at sambo kunne hjelpe meg med å skubbe. I det eg var for å hente spada haure eg sambo prøvde på å flytte bilen, men det var ikkje råd. SPEILBLANK is, igjen!!! Der bilen har stått har det danna seg eit tjukt lag med is, og dykk veit korleis Bambi for

Eg satt meg inn i bilen for å prøve å rygge bilen bak medan sambo står nesten vassrett for å skubbe bilen. Akkurat då var eg sikker på at i det bilen kom vekk frå isen kom sambo til å ligge vassrett på bakken… Men neida, det gjekk til slutt, eller mykje vugging fram og tilbake, og sambo kom seg oppatt i loddrett stilling. Då tenkte eg på sangen “gubben og gamla låg å drog…”, og fekk meg ein liten flir. Det skal jaggu ikkje vere enkelt, men ein får det til om ein vil. Fekk ikkje kjøpt graut fordi dei var tome, og godt var kanskje det, for den var nesten 4 gongar som dyr, som den dei har på butikken. Kvar er logikken? Januar 2011 018

2 kommentarer:

  1. Neste gang bør du prøve å legge gulvmattene til bilen under dekka ;) (mønstersiden ned)

    SvarSlett
  2. Off, bra det gikk bra iallfall. Dinne isen e litt kjip also... No e heile bakken vår islagt, so ej vassa heller i snø opp til knea!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails