onsdag 19. januar 2011

Kjære medbygding…!

 

Dette er eit innlegg frå gamle bloggen

Lånt her

Det er laurdag og folk tek seg tid til å lese litt ekstra i lokalavisa, og så får ein lese dette i lokalavisa Møre laurdag 13.03.2010. (Eg kommenterar klaga nedanfor)

Klagar på brøyting

“Ein mann busett i Nordalen har i brev til Volda kommune gått hardt ut mot det han kallar dårleg brøyting i denne delen av kommunen. Han viser til fleire telefonsamtaler til kommunen, utan at brøytinga har betra seg. Han har og vore i direkte kontakt med mannen som har brøytinga i området, utan resultat.

-Eg har forståing for at det har vore ein svært snørik vinter med mykje å gjere for dei som brøyter. At brøytemannskapa nokre gongar har problem med å kome over alt innan rimeleg tid kan eg forstå, men enkelte gater vert konsekvent brøytt betre enn andre, skriv han i brevet.

-Eg og dei andre bebuarane i Nordalsvegen har gjennom vinteren gong etter gong fått innkøyrslene våre attbrøytte både to og tre gongar mellom snøfalla. Dette er svært frustrerande og slitsomt – og totalt unødvendig, meiner han. Mannen viser vidare til at den svært bratte Øggardsvegen ofte ikkje vert brøytt i det heile, og når den vert brøytt er det oftast seint på dag.

- Dette fører til store problem for bebuarane der og andre som treng å kome seg dit med bil. Etter det eg er kjend med skal kommunen syte for at alle kommunale vegar vert brøytte. Eg bed difor kommunen ta kontakt med brøytemannskapa i Frøholmfeltet og innskjerpe for dei at alle kommunale vegar skal brøytast, samt at folk ikkje skal brøytast inne i utrengsmål.”



Unnskyld meg kjære medbygding. Eg veit godt kva for gater det er snakk om, og eg kjører der dagleg, då eg bur i toppen av byggefeltet. Eg har full forståelse for at vedkomande kan være frustrert, men kvifor?
Av alle byggefelt i Volda, så skulle dette få ei klage i avisa. Eg har tohjulstrekk på bilen min, og har som regel kome meg opp kvar gong. Ofte er det ikkje snøven som har hindra meg i å kome opp vegen, men dei stygge søppeldunkane som mine “kjære naboar” ikkje har fått med seg inn i innkjørsla, barn som leikar seg på akebrett eller folk som går midt i vegen. Enkelte gongar er det også såpass glatt nede i vegen pga. bilar som har spunne, og sjåførane bryr seg ikkje for dei skal ikkje så langt etter spinninga. Men for dei som skal til topps treng farta og vegbana for å kome seg opp.

Brøytemannskap treng også søvn, slik som alle andre menneske. Og det at dei brøytar seint på kveld og tidleg på morgonen, det kan dykk tenkje dykk sjølv. Då er det mindre trafikk og lettare å få brøytt skikkeleg. Dessutan har brøytemannskapa andre vegar å brøyte enn der vedkomande bur også. Men det verkar som om ikkje vedkomande skjønar dette.

Og det med å få innkøyrsla si attbrøytt, det er vedkomande IKKJE åleine om. Kor mange er det som bur i byggefelt i dette landet som IKKJE får innkøyrsla si attbrøytt når byggjefeltet eller gata blir brøytt? Det er vel veldig normalt at innkøyrslene får litt av snøven som ligg på vegen? Skal den berre fordufte, er det det han meiner?  Ikkje veit eg, men eg fattar ikkje akkurat den klaga der. Går vedkomande heime heile dagane sidan han tel kor mange gongar innkøyrsla får snøv i seg? Byggefeltet er i bratt terreng, og vedkomande bur langt nede. Lenger oppe er det nokre cm meir snøv for kvart snøfall, og då må den brøytast vekk. Som sagt tidlegare har ikkje eg hatt problem med å kome meg opp pga fint brøytte vegar… Heller andre hindringar.

Lånt her

Så kjære medbygding, vær så snill å ikkje klag over å få snøv i innkøyrsla di, du er ikkje åleine her i verda. Ta spada fatt og få vekk snøven. Eller har du eit tips for å unngå å få snøv i innkøyrsla?

1 kommentar:

  1. SV: Tro meg, jeg har prøvd! Vann, saft, smoothie... Ingenting funker. Ho spiser totalt 10 skjeer grøt om dagen, så ho MÅ ha en flaske melk for å få i seg litt næring. Men ho hoster faktisk mer før ho får flaska.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails