“Når vi snakka ilag e vi nesten som søsken vi to”
*smeeelt* Dette sa min 13 år gamle nevø til meg i går kveld, og eg kan ikkje seie noko anna enn “Tusen takk, og JA!!!”
Som yngst av ein søskenflokk på tre, så kan dykk tenke dykk kva eg har ønska meg, SMÅSØSKEN!!! Eller ei storesøster, men det fekk eg aldri, det siste er kanskje ikkje så rart at eg ikkje fekk, men eg hugsar at eg heile tida spurte både mor mi og far min om dei var 100% sikre på om dei ikkje ha ei datter nokon plass, som var eldre enn brødrene mine. Skal tru kva dei tenkte då dei fekk spørsmålet frå meg.
Tilbake til min kjære elskverdige nevø, det er 12 år i mellom oss, og nokre gongar merkar eg ikkje aldersforskjellen, og no har han vorte høgre enn meg også, så vi kan nesten sjå ut som søsken om folk møte oss på gata ilag. Eg diggar denne guten, og eg har prøvd å lære han opp til at eg er supertanta hans.
Det var fantastisk flott sagt...Skjønner godt det rørte hjertet ditt Elisabeth
SvarSlettKor herlig sagt!
SvarSlettså koselig sagt av nevøen din :)
SvarSlett