Når ein slår på datamaskina og ein ikkje kjem seg inn på facebook, prøvar igjen og igjen og får same meldinga, då vil ein gjerne ha eit svar på kvifor ein ikkje kjem seg inn… vgnett gav oss svaret, og det var ikkje det svaret ein ønska. Facebook er nede for augeblikket. KVA FOR NOKO? Skal ein ikkje få sjekke kva venane våra gjer? Skal ikkje ein få vite kva for planar naboen har for helga? Kan ikkje ein få vite kva eksen gjor då og då?
Nei, når facebook er nede får ein ikkje vite alt dette som eigentleg ikkje er så interessant som ein skal ha det til. Det går faktisk an å gå til naboen å spørre kva for planar dei har for helga, og det går an å spørre venane våra kva dei gjer på, viss ein vil vite det. Men kva i alle dagar skal ein med informasjon om eksen? Nokre har kanskje interesse av det, kva veit vel eg…
For min del får eg ikkje med meg når mine facebook venar la ungane sine, eg får heller ikkje med meg kva mine venar ha i koppen eller glaset sitt i kveld. Og eg får ikkje med meg når venane mine legg seg. Kjem eg i det heile tatt få sove i natt? Kjem eg til å gruble over dette fram til min vesle håpefulle skal stå opp i morgon?
Nei…Eg får sove utruleg godt, og leve livet slik det var før ALLE fekk seg facebook. Det livet var eigentleg veldig greit, då måtte ein spørre venane sine kva dei gjor, kva dei skulle og kva dei ikkje har gjort.
Facebook kan eigentleg berre vere nede ei stund, kanskje ein ikkje blir så avhengig når det kjem tilbake då?
Bra innlegg, e heilt enig med deg;)
SvarSlettLinken til buzzador virka ikkje.. :S