søndag 12. september 2010

Oi

Bloggen har ikkje blitt prioritert dei siste dagane. Når eg opna windows live writer såg eg at eg ikkje ha blogga sidan mandag. Kva skjer med det? Dagar med fineveir er nok svaret på heile greia. Vogna har blitt flittig brukt både her og der, og vi har vore på farten store delar av dagane, og når vetle guten er i seng så har ho mor slengt beina på bordet å fått med seg siste veka av paradise hotel Danmark. (Eg er svak for andre sine intriger, så virkelighets seriar er verkeleg noko for meg)

Tidligare i veka har eg vore i Ulsteinvik på slang, tur med andre heimeverande mødre i regi av helsestasjonen, til Ålesund på kontroll med vetle guten.

September 002Vesle Marius er snart fire månader, kvar i alle dagar har tida blitt av? Fire månader er faktisk halvparten av mitt åtte månader lange svangerskap. På fredag tok eg med meg Frank og Marius til Ålesund, for Marius skulle på kontroll på sjukehuset. Vi trudde at han skulle på kontroll for å sjekke hoftene, men neida. Vi måpte når vi fekk vite at det var ein etterkontroll fordi han var innlagd på neonatal avdelinga dei to første vekene av sitt liv. Det var eigentleg ein heilt vanleg kontroll, akkurat slik kontroll som dei har på helsestasjonen. Og det reiste vi heilt til Ålesund for å utføre??? Kvifor kunne ikkje sjukehuset ha bedt helsestasjonen i Volda om å gjere dette, for så å sende ein rapport? HelseNoreg i eit nøtteskall sei berre eg! Men vi fekk no oss nokre timar på moa, og korga under vogna fekk litt last også. Eit lammeskinn til Marius vart også kjøpt inn, så no skal han iallefall ikkje fryse til vinteren.

Då fredagskvelden kom, og guten vart lagt, kosa foreldra seg med biff og fløtepoteter. Og  etter at mix i Volda ha stengt kom vi på at det ha vore koseleg å sett ein film, så vi sjekka internett etter filmar. What to do? Jau, ho mor sjøl sett seg i bilen, rasar til Ørsta og finn filmar. Ja, film i fleirtal, anar vi filmhelg? På mix har dei “leig 3 filmar i inntil ei veke for 135,-) Les meir her.

Som dykk skjønar så har fineveiret forlatt Volda og vi har innsett at hausten kanskje har banka på døra for full drylar. (Vi har vel ikkje store håpa om meir sumar no vel?)

Eigentleg er hausten ei fin årstid, mange fine fargar, sånn passeleg temperatur, og mørke kveldar. Misforstå meg rett, eg likar lyse kveldar også, men det er noko magisk med desse mørke kveldane. Kulden treff vindusruta og ein kan tenne stearinlys utan at det skal bli så alt for kvelande varmt inne. Einaste minuset med tidleg haust er alle dei små flygande insekta som kjem inn så fort ein opnar eit vindauge.

3 kommentarer:

  1. Åh, jaaaa! Igår hadde vi kveldskos. Tente masse stearinlys overalt! Herlig :D

    SvarSlett
  2. Kjempe fint bilde av Marius!! :)
    Veldig kjekt å lese om filmane du he sett ;) Det e tid for film no ja, kanskje ej kan komme å låne nåken me dej en dag? Sida du he so mange, og ej ikkje he sett so mange av dei (a)?

    SvarSlett
  3. Hei!:) ej berre lurte på redigeringsprogram du bruka når du redigera bilda dine:)

    Helsing Victoria , www.familienleiteosdal.blogg.no

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails