torsdag 2. september 2010

Eg er glad

Eg er utruleg glad for å sjå at folk besøker bloggen min, og at det byrjar å kome etter nokre følgarar.

Tusen takk for at dykk les og forhåpentlegvis kommenterar innlegga mine, det set eg stor pris på, og gjev meg motivasjon til å fortsette.

No har hausten inntatt Volda, men nokre soldagar får vi i nermaste framtid. Godt med nokre solglimt før regntida tek til for fullt. Som Janita har skrive i sin blogg, så likar ho hausten. Det gjer faktisk eg og, mørke kveldar, stearinlys og noko godt i koppen. Eg er glad i varme, men eg likar å kle på meg litt meir kle også.

 

I kveld har eg brent cd til gubben, han ville ha seg ein ny cd i bilen… Sjølv om vi har kome i ei tid der ein kan bruke minnepinne og diverse for å høyre lyd, så tykkjer vi det er kjekt med ein cd som ein kan høyre på både her og der.  Er vel ikkje berre eg som fortsatt brenn cdar?

Elles har eg byrja å tenke på julegaver. No er eg tante til så mange at eg snart ikkje veit kva dei skal få, dei har no alt. Det mest fornuftige er nok kle. Men det er berre kjedelige tanter som gjev kle i julegaver, er ikkje det det? Sjølv om I. og N. fekk kle i bursdagsgave i sommar som dei elskar, så trur eg at dei hadde satt pris på å få noko anna og :p Eg blir no tante til en unge til før jula kjem, og det ser vi virkelig fram til. Då er ikkje Marius minst lenger.

Eg har fortsatt hangover sidan barnedåpen, er det verkeleg mogleg? Eg føler eg ikkje får nok søvn i det heile. Men vesle Marius held humøret oppe, med sine fantastiske smil, herlege latter og supre humør.

Ouh, vart eit snodig innlegg. Men eg følte for å blogge sidan Malin ikkje hadde funne ut at eg ha starta ny blogg før enn i dag. :P

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails