torsdag 2. september 2010

TrilleTur

I dag har eg vore på trilletur saman med andre kjente og ukjente i Volda.

Helsestasjonen i Volda arrangerar trilletur for dei som er heime med ungane, slik at folk som ikkje er kjende i Volda, dei som vil kome seg ut blant folk og andre med vogn får seg ein sosial tur.

Har aldri vore med på trilletur i regi av helsestasjonen før, men eg må seie at det gav meirsmak og håpar på fleire turar saman med desse. Dagen i dag var litt spesiell med tanke på at sanitetskvinnene opna huset sitt for TrilleTUR, anar vi litt skjult påvirkning her? Prøøøve å verve trøtte heimeverande mødre? :p

Dette står på Volda kommune sine sider:

“Sanitetshuset har ope hus for Småbarnsforeldre på Trilletur

Kvar torsdag kan småbarnsforeldre vere med på trilleTUR i regi av helsestasjonen i Volda.Førstkomande torsdag inviterer Volda Sanitetslag til kaffi og omvising på Sanitetshuset. Bothild Standal Guttormsen er initiativtakar til dette tiltaket, og har heile styret med seg når ho no ynskjer småbarnsforeldra velkomne til Sanitetshuset. Volda Sanitetslag tilbyr småbarnsforeldra å disponere huset som fast møteplass kvar torsdag.
Frå v.: Janne Helen Thorvaldsen, Inger Stine Bjørneset, Zozan Hasan, Nahida Mustafa og Marit Ramsli Gjethammer

Mange småbarnsmødrer går turar i lag uavhengig av dei organiserte trilleturane, men for nye innbyggarar i kommunen er det viktig å ha ein kjent plass å møtast for å kunne treffe andre i same situasjon som dei sjølve. Helsestasjonen er ein plass alle med små barn kjenner til, og difor finn kommunen det naturleg at Helsestasjonen er utgangspunktet for dei organiserte turane kvar torsdag, men at Sanitetshuset vert møteplassen etter avslutta tur.

Helsestasjonen i Volda starta opp med TrilleTUR for småbarnsforeldre våren 2005, og dette har sidan vore eit fast innslag i Volda-miljøet. På TrilleTUR vert du kjent med andre småbarnsforeldre, og det er også ein fin måte å bli kjent i bygda og kommunen. Etter ein times tur har turgåarane samlast til kaffi og te. No er det Volda Sanitetslag som ynskjer å halde hus for den sosiale samlinga etter avslutta trilletur. Både barn og vaksne set pris på å møte kvarandre til sosialt treff. Her kan barna få vere i lag med andre barn, og foreldra får utveksle erfaringar om kvardagen med sped- og småbarn. På Sanitetshuset er det god plass, og med nytt stellebord på plass ynskjer Volda Sanitetslag no vel møtt til ein ny treffstad for TrilleTURen.

Helsestasjonen og Volda Sanitetslag ynskjer alle vel møtt til trilleTUR kvar torsdag kl.11.30!
Artikkelforfattar: Berit Koen”

Vil du vere med også? Ja så sleng deg på :)

3 kommentarer:

  1. Eg synes det egentlig er litt smålig å tenke at sanitetskvinnene sikkert er ute etter å verve. Eg trur nemlig sanitetskvinnene tvert i mot er ute etter å verve, i alle fall ikkje det du kallar "trøtte heimeværande kvinner". Ein av dei monge tinga dei arbeidar med er akkurat det å hjelpe folk i slike situasjonar. Les på denne linken http://www.sanitetskvinnene.no/no/om_nks/
    Her står det blant anna at dei opererer spesielt der ting ikkje blir tatt vare på av det offentlige, dei samlar inn penger til ymse formål, frivillig innsats innen helse- og sosialområdet. - og da spesielt for kvinner.
    Eg måtte berre kome med dette, for eg synes det er dumt å uttale seg på denne måten, når det saniteten gjer, er so gjennomtenkt og bra.

    SvarSlett
  2. Hei anonym.
    Eg snakkar ikkje stygt om sanitetskvinnene om det er det du trur. Eg støttar deira arbeid, og synes det er kjempebra. Prøvde berre å gjere det litt morosamt, og ikkje skrive ei fagtekst frå A til Å. Hadde eg vore med på akkurat denne trilleturen om eg ga blaffen i deira arbeid?

    SvarSlett
  3. ÅÅ søren at alt skal lande på samme dag.. He babysong torsdaga. He leita etter slikt treff sida ej ikkje he barselgruppe dinne gongen.. Blææ

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails