Etter at Marius kom til verden har det ikkje blitt mykje Elisabeth tid. Eg klagar ikkje, er kjempe kjekt å vere saman med Marius. Men no har eg ei god stund for meg sjølv. Gav Marius mat for ein time sidan, og la han i vugga når han var ferdig. No ligg gutane mine på soverommet og eg nyt åleinetida. Er godt å berre vere Elisabeth av og til. Så no skal eg vekke gubben før eg skal ta meg ein lang dusj. (Kjøpte meg ein dusjradio på Nille igår, så denne skal testast ut!)
Verdien av aleinetid skal ein ikkje kimse av!
SvarSlett