Ja, det kan fort bli litt kluss i skrivinga til tider. Eg rettar ofte på meg sjølv, plutseleg sitt eg å skriv på dialekt, eller så dukkar eit og anna bokmålsord opp… Men kanskje det ikkje ha vore so dumt med bokmål, kanskje fleire hadde skjønt kva eg skreiv då? Mange tenkjer nok – åhh, ein nynorskblogg, neeeei, DEN gidd ikkje eg å lese… Men kvifor er det eigentleg slik? At vi som har nynorskbloggar ikkje blir lest? Er det for vanskeleg for dei som har bokmål som hovudmål? Og kvifor er det nokon som alltid skriv bokmål, sjølv om dei har nynorsk som hovudmål?
Eg skal ærleg innrømme at eg skreiv bokmål når eg tok utdanninga mi, men det var berre fordi eg hadde nokre direkte sitat i oppgåvene, og eg følte då at det vart rart med nynorsk som hovudtekst… Nei, eg hadde ikkje SÅ mange direkte sitat at oppgåvene vart fylde med det, men nokre teoretikera sa nokre kloke ord, som den mindre kloke (les meg) ikkje klarte å gjere om til ei fin setning. Sidan eg brukar blogspot som plattform, så er det no mange engelsktalande og skrivande som kan finne denne bloggen, og då kan dei heller ikkje bruke google translate, sidan den ikkje klarar å oversetje nynorsken… Er det då ein fordel med bokmål? Men samstundes tenkjer eg at eg ikkje vil brette bloggen min for heile den vide verda… World Wide Web liksom :P
Og så kjem den nydelege dialekta… Når ein kommuniserer med andre på internett, som også skriv på dialekt, så er det lett for å skrive dialekt. Orda blir skrive på same måte som ein seier det… Det fins mange døme på akkurat dette… Og det er ofte veldig fristandes å skrive bloggen på dialekt, og at det på ein måte føles som ein meir personleg blogg då… Men kva i alle dagar skal DU med MIN personlege blogg? :P
Du bør ikkje, under nokon omstendigheter undersøkje bloggen fin for skrivefeil, for det kan eg nesten garantere deg. Eg veit eg ikkje treff 100% på nynorsken… :p (Men eg prøvar så godt eg kan)
Jeg synes det er tyngre å lese nynorsk såklart. Ganske enkelt fordi jeg leser, skriver og snakker bokmål (eller dialekt, men nærmest bokmål enn nynorsk :p). Hender jeg må spørre Tore om hva enkelte nynorsk ord er på bokmål. Du er den eneste nynorskbloggern jeg leser. Hehe.
SvarSlettJeg hadde et "lære seg nynorsk" prosjekt på gang. Men da jeg fikk jobb i Ålesund pustet jeg lettet ut og la det litt på hylla:p
SvarSlettPssh, nynorsk er ditt språk, ikkje la nokon ta det frå deg! Eg har engelskmenn som les min nynorske blogg vha Google translate, så det så;)
SvarSlett