fredag 3. september 2010

Skulebarn har mykje energi

Ja, skuleborn har faktisk mykje energi, og når dei har vore på skulebenken i 45 eller 90 minutt treng dei å rase frå seg energien for å kunne sitte i ro i 45 min til. Kvar skal dei bruke energien dersom dei ikkje har plass å boltre seg på? Øyra skule i Volda har fått beskjed frå Høgskulen i Volda om at dei ikkje får bruke grusbanene og “jungelen”. Dette vil seie at ungane berre får bruke skogen bak skulen og resten er asfalt. Kvar er logikken? Korleis skal ungane få bruke sin energi, og kvar får dei utfordring? Det er rett og slett ikkje plass til 320 elevar i skogen, då får dei iallefall ikkje utfolde seg riktig. Og det er ikkje riktig å plassere 320 elevar på asfalten heller. Eg kjenner at eg blir litt irritert på vegne av ungane, dei treng virkelig plassen til HVO. Les meir om saka her.

2 kommentarer:

  1. Skjønna problemstillinga, men ej e enig med HVO.. Ekje rett at dei skal holde uteområde til en kommunal barneskule. Dessverre e der lite uteområde til Øyraskulen, va kanskje ikkje planlagt at der skulle gå so mange unga når skulen vart bygd. Håpe dei kjem til enighet! Kanskje dei kan låne jungelen og bana faste daga eller tide f.eks.? Der e i alle fall behov for meir uteområde!

    SvarSlett
  2. Må si at holder litt med HVO her. Det er ikke dem sin feil at barneskolen har lite areal, og grusbanen tilhører faktisk HVO. Og i følge denne artikkelen: http://www.smp.no/nyheter/article262367.ece så har jo HVO forsøkt å få til en ordning en stund, uten lykke.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails