torsdag 2. september 2010

Produkttesting

Var på butikken og handla i dag, då eg oppdaga denne blikkfangande brusa… Ehm, eg angra litt på at eg kjøpte den…

Når vi kom heim havna den i kjøleskapet og eg gjekk å venta på at den skulle kjøle seg ned.. Eg kunne faktisk ha spart meg desse kronene… Den var sånn passe god, smakte utvatna cola, utvatna på same måte som når ein får servert cola med isbitar. Men den var friskare enn vanleg cola. Med åra har eg byrja å mislike cola pga alt sukkeret som festar seg alle stadar i munnen min.

Denne brusa får nok berre terningkast to frå mi si side, og eg kjøper nok pepsi max neste gong eg skal ha pepsi.

Har du smakt denne brusa?

1 kommentar:

  1. Liker ikke pepsi. Alt for søtt. Så syntes ikke denne var noe bedre :p Dårlig kopi av grans sin øko-cola! ;)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails