mandag 20. september 2010

Når hausten tek til…

Kvar haust har eg tenkt at eg skal bli flinkare til å lese bøker sjølv om eg veit at det ikkje kjem til å skje. Det ser så utruleg godt ut å sitje i godstolen foran peisen med pledd og ei god bok planta i hendene. Men peisen har eg ikkje, kanskje det er derfor eg ikkje har blitt flinkare til å lese bøker?

Men no har eg funne boka eg SKAL lese, og som en ønsker meg utruleg høgt. Kreftramma Regines blogg har blitt til bok. Og alle som fulgte Regines blogg veit at ho tapte kampen mot krefta rundt juletider i fjor. Det var nokre utruleg sterke innlegg som vart publisert på nett før ho måtte gi tapt. Eg veit at eg kan lese bloggen på nett, men eg vil ha den i hendene mine, kunne bla om sidene.

 

Eg har også lyst til å plaske skikkelig i sølepyttane medan eg skubbar vogna framfor meg i haustveiret. Kanskje ikkje plaske i sølepyttane, men eg vil iallefall ha kle som tåler litt vatn og som beheld meg tørr, i den grad det gjeng an å halde seg tørr i dette veiret. Har dykk nokre forslag til GODE regnkle som også er veldig mjuke slik at ein klarer å gå og leike seg? Skulle også hatt nokon gode sko å gå tur i, og som også tåler ein liten støyt…

2 kommentarer:

  1. Boka er sterk lesning, men absolutt verdt å lese. Tårene rann fleire gongar, men det er også ei god bok å lese.

    God haustdag til Volda! :)

    SvarSlett
  2. Den har eg og lyst å lese. Har lest litt på bloggen hinna!
    :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails