fredag 24. juni 2011

Drøymer meg vekk

Eg sit i sofaen med babyfoot på føtene, og drøymer meg vekk, vekk på ferie. Blir det ferietur på oss i år, og i tilfelle det skjer, kvar går den? Vi har ingen konkrete planar, men mange ønsker. Skal tru kvar den går… Vi har aldri planlagt ferien frå A-Å, og tek ein del på impuls, utruleg kjekt og spennandes. Men med små born i bilen bør ein ha nokre planar iallefall. Det hadde gjort seg med ein tur vekk, det er det ingen tvil om. Sidan vi hadde ein liten knert i fjor sommar, så valgte vi å ikkje reise på nokon langtur. Men i år vil vi! Håpe håpe håpe!!

I 2009 var vi på harrytur til Sverige, for oss vestlendingar er dette noko som skjer ein eller to gongar i året, og ei stor “begivenhet”. Vi valde å bu på i Norge, ved grensa til Sverige, for så å ta oss nokre turar til sverige – det vart ikkje meir enn eit par gongar, + ein gong for å levere vesle Ida, som hadde vore med oss på Allsang på grensen.

I går starta årets sesong av Allsang på grensen, og eg må ærleg innrømme at det kribla litt i Allsang foten min då ja. Stemninga som er der er til å ta å føle på, heilt spesiell. Å sitje i kø halve dagen for å få ein bra sitjeplass, å synge saman med mange andre. Det er rett og slett fantastisk! For ikkje å snakke om dei 2 sekunda ein faktisk kan sjå seg sjølv på tvskjermen dagen etter – haha!

Men for å vere heilt ærleg, når eg først skal sjå meg sjølv på tvskjermen er det greit at det er bra filma, at sminka er perfekt, håret heng flott, og at colgate smilet er påklistra, haha! Nei, takke meg til kjempe kosleg “shot” av min kjære, meg og vesle niesa mi Ida.

No skal eg nyte den siste timen med babyfoot på føtene, før eg må finne senga. Eg har høyrt den rope ei stund no, men eg kan ikkje akkurat legge meg med babyfoot på føtene. Då er det vel ikkje så mykje igjen av føtene mine til slutt. Og nei, det blir ingen før og etter bileter av føtene mine, for eg likar ikkje føter generelt. Og kven vil vel sjå andre sine føter? Usj! Skal sjå om eg finn meir å blogge om, eller om eg rett og slett skal setje meg ned å planlegge utdrikkingslag.

2 kommentarer:

  1. Sv: ååh du er nå herlig:D I LOVE YOU TOOO<3
    Håper du får en knallbra helg:D

    Du? Funker dette Babyfoot så bra som alle sier? jeg føler jeg trenger å freshe føttene litt til sommeren. Om det noen gang blir skikkelig sommer. hehe Forresten kommer du på landstreffet i Bergen i August? Jeg vil sååååå møte deg:) Om det skulle bli en "harrytur" på dere i år også,vil du møte meg da?:) Vi bor jo på veien så og si:)

    SvarSlett
  2. Babyfoot vil jeg prøve også! Har hørt så mye bra om det. Jeg vil også ha myke føtter :)

    Du er så vakker du. Guri så fin du er både på tvskjermen og på foto. Øynene dine gliterer og smilet ditt skinner! Beautiful :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails