mandag 27. juni 2011

Ikkje lenge igjen til…

På fredag var det eit halvt år til julafta. Og hjelpe meg, tida fyk så fort at no må julegavene handlast, pakkast inn, for ikkje å snakke om å få sendt dei i posten, slik at dei kjem fram i tide. For å få julegaver mange dagar for seint er IKKJE kjekt i det heile, er det vel? No skal eg setje meg ned å skrive gaveliste, kven skal få, og kva dei skal få. Og i dag er det eit halvt år til 2. juledag, kanskje eg skal handle inn drikkevarer også? Då er eg iallefall sikker på å ha drikke til ein evt. fest. Og så var det julepynten da, og alle juledukane, må snart finne fram strykejernet og få retta på dukane og gardinene, og kanskje juletrusene mine også? Måtte dette bli ei fredeleg jul, med mykje familiekos og kjekke folk. Tidleg ute? Eg?

Dette er nok noko eg kjem til å tenkje på den 15. desember, når det verkeleg gjeld. For eg er ALDRI tidleg ute med julegaver, stryking av juledukar. Men alt blir gjort, i tide!

4 kommentarer:

  1. Haha :) ROFL!!! Jeg trodde jeg var julestressa som planlegger i august! Men det er alltid bedre å være føre var. Mange fine julegaver på sommersalget :)

    SvarSlett
  2. Sv: Jeg regnet med at du visste med en gang hvem det var snakk om :) Og da vil du kjenne igjen historien min med en gang du ser den også. Dere to er jo de bloggene jeg leser mest, så jeg kjenner dere jo ganske godt nå. Og det går nok begge veier? Hehe :)

    SvarSlett
  3. Hehe... Det er jo enkelte som startar i januar, men då forsvinn jo sjarmen i desember... Julegåver skal handlast tidlegast i november, tenker eg ;) God tysdag i regnet!

    SvarSlett
  4. haha, dinna vakje verst :D

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails