For ein dag det har vore! Herleg veir, kjekke folk og mykje sprell! Kort summert, men ahh, så fantastisk! Eg og poden har kosa oss ute på terrassen, der har han køyrt traktor, klatra og herja. Eg trur eg må gjere ein note til meg sjølv, ta med kamera over alt. Mobilen ligg som regel godt gøymd, sidan poden har skjønt at touch telefonar er kjekke å stryke på. 
Etter å ha lagt gutungen i kveld, har det vore stille og roleg i heimen, med beina på bordet og pcen på fanget. Ladda opp til ei veke full av sprell og glede. Kryssar fingrane for at vi får det iallefall. Dykk får ha ei fantastisk fine veke! 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar