tirsdag 14. juni 2011

Skulle ønske eg hadde…

Eg skulle så verkeleg ynskje eg ha ein ungdomsbil igjen. Ja, det er kanskje litt rart at eg ynskjer meg ein ungdomsbil, men eg ynskjer meg ein sprek bil, MED skikkeleg anlegg. Ikkje slik som vår bil, som den er no, med takboks på taket, heimesota vindu, solskjerming på bakvindua, barnevogna i bagasjen og barnesete i baksetet. For all del, eg klagar ikkje på at eg køyrer rundt i ein familiebil. Men sidan eg pendlar, så ha det vore artig å hatt ein bil som berre var min, med feitt anlegg, som dura stort i Eiksundtunellen, nesten slik at dei som kom inn på andre sida av tunellen haure meg i botnen. Nei, kanskje ikkje rett så gale, då ha eg vel ikkje haurt noko sjølv, men åhh, litt betre enn det som er i vår bil ha vel ikkje skada?

Det vi har i bilen er ikkje akkurat dårleg, eller…det var iallefall det. Har blitt brukt ein del, og eg har brukt nokre timar i bilen vår no. Har pendla både til Ålesund og Herøy med bilen, og det er nokre dryge strekningar. Og i løpet av desse timane eg har brukt i bilen har cdspelaren snurra på mange hundre cdplater, mange av dei har blitt brennheite. Det ha vore så utruleg artig å brent ein cd som eg kunne ha spelt gang på gang, utan å gå lei. Men det skal vel litt til? Eller kanskje ikkje.

Tenk å kunne ha sust igjennom Eiksundsambandet til denne:

Eller kanskje denne?

Eller denne?

For ikkje å snakke om denne…Her er ønsket om skikkeleg anlegg VELDIG STORT!

Og denne:

Har du tips til liknande songar? Eller kanskje ikkje det er din type musikk?! Eg klarer ikkje å høyre på slik musikk til vanleg, kun til vasking og i bilen…

3 kommentarer:

  1. hihi drømme drømme :) Er rart med det, når man først får "familie" bilen, så vil man ha tilbake "skranglekassen" med lyder, musikk og minner! i know! :)
    Og du ? litt sovestøv sendes deres vei! Håper dere får en fantastisk natt! :))) SMASK

    SvarSlett
  2. Geniale Elisabeth:) Dette ga meg sommerfølelse og mimring + at jeg fikk lyst til å fikse anlegget i bilen igjen:) hihi

    Jeg har noen tips på lur som jeg skal skrible ned til deg,men jeg tar det samlet så de kommer litt senere:)

    SvarSlett
  3. Hører ikke på sånn musikk uansett setting :p Hehe. Har ikke no behov for ungdomsbil. Liker å ha bil der jeg kan trykke inn alt mulig rart og likevel ha plass til meg selv. Litt gammeldags av meg. Hihi ;)

    SV: ferien fra jobb blir ikke før i uke 29, 30, 31 og 32 for min og amalie sin del, mens tore sin er uke 29, 30 og 31. Amalie sin barnehage er åpen hele sommerferien, men alle barna må ha 4 uker ferie i sommer, og 2 av de må være i juli :p Litt vanskelig å sette sammen svar til sånne oppgaver når man ikke har noen relevant erfaring. Jeg glemmer så fort teori, og min arena er virkelig "learning by doing" som Dewey så fint skreiv (jøss, jeg huska noe!). ;)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails