lørdag 18. juni 2011

For ein dag!

Dagen starta med blåkul i panna til poden, men humøret har ikkje vorte påverka av det akkurat. Han har vore omtrent slik i heile dag!

Mai 2011 041

Eg og godingen starta dagen tidleg i dag, så vi hadde nok av tid til både kos, leik og mykje anna. Etter frokosten og litt barnetvsjåing vart mora veeeeldig trøtt, og det smitta tydelegvis over på poden, for han kom luskandes bort til meg og ville opp i sofaen. Og der sovna han, akkurat slik som i “gamle dager”

Etter at eg ha bada poden, og ha pakka alle tinga våra, trilla vi oss inn til sentrum. Medan eg gjekk sendte eg sms til Janita, og fekk til svar “Luksus å kunne trille til sentrum”. Og ja, eg må nesten seie meg enig der. I vår husjakt no, så er eit kriterium frå mi side, at det skal kunne gå an å trille seg ein tur til sentrum. Kva om ein treng noko på butikken, og ein ikkje har bil tilgjengeleg? Evt. berre vil ha seg ein trilletur til sentrum? Uansett, i sentrum fekk vi handla eit par ting før “papen” kom. Då gjekk turen til Ørsta, men først måtte vi innom jobben hans, og det tok si tid, og på den tida sov poden ei stund, og rakk å vokne også.

Då vi ha vore på amfi ei stund, og fått lagt eit par ting under vogna, reiste vi heimom ein tur, før vi reiste til Åmdalen, der Åmdalskoret – berre damer, holdt konsert. Og no har ikkje poden ro i raua lenger, alt skal utforskast, og det skal helst skje på to bein. Så då gjekk vi rundt i lokalet, og alltid bortom kakebordet – han skulle vel sjekke om der var meir. Gleda var stor då han såg ein eldre gut som sprang, og gjor seg til for poden. Han skratta og styra på, i iver over å sjå på den eldre guten. Prøvde vinnarlykka mi på åresal også, men neida, ha ikkje lykka i Åmdalen i dag. Men det ha eg i Volda, der vann eg to trøst og ein hovudpremie, og det berre på 10 lodd. Og kva var hovudpremien? Jau, ei kake!

Følgjer du med på Hurtigruta – minutt for minutt? Det står på om vi ikkje skal sjå noko anna, og eg tykkjer det er artig å sjå korleis dei tek i mot Hurtigruta på kaiene langs kysten. For ikkje å snakke om kor oppmerksomhetssjuke folk er, står å pratar i telefon med folk som ser på tv, for så å spørre dei om dei er observerte av kamera. Var ein på tv istad “Er eg på tv no? Ja, då må eg vinke!”

3 kommentarer:

  1. Takk for alle kommentarane:) Kjekke du e!! Ja ej he no heilt gløymt av playdaten, bere å sende ei meld viss du he tid ej he no tid kvar dag :) Ska utpå digernes en tur idag einaste men det vert no ikkje heile dagen. Ja her savna vi papsen, 2 veke overstått, 1 igjen..

    SvarSlett
  2. Ja heilt enig. Må kunne trille til sentrum her. Føle eg hadde blitt litt smågal om ikkje eg hadde den muligheten siden eg ikkje disponera bil når Per Helge e på jobb. E dokke på husjakt altså? Spennande da:) Drømmen det.. å få et heilt eget hi å kose seg i. Innrede, male og styre akkurat slik enn vil. Lykke til med leitinga iallefall.

    SV: Ja berre ordet eksamen gjer nervane frynsete nok til at det meste går i stå. Men merkelig nok vart eg ganske avslappa akkurat under eksamenen, verst kvelden før og minutta før. Og så e det jo slik at noken prestera dårligare under press, andre bedre. Noken e teoretisk sterke, andre e praktisk sterke. Eg e mest det siste, og har alltid vore det. Like gode kan enn vere uansett, en karakter betyr ikkje så himla mykje:)

    SvarSlett
  3. Det var da veldig til vinnerlykke? Ei kake hadde jeg og tatt i mot:) Kul i panna kan jo fort skje med disse små... Ha en fortsatt fin kveld!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails