lørdag 25. juni 2011

Koseglad

Etter at eg byrja å jobbe, har poden blitt ein skikkeleg mammadalt, i starten var det kjempe koseleg, men etter ei stund fann eg ut kor tungt det kunne vere. Ikkje fred å få i eit einaste rom, ikkje då eg sat på do ein gong. Men no har det endra seg litt, og blitt litt pappadalt også, phew, eg kan få litt pusterom av og til. Å jobbe med ungar, samstundes som ein har born sjølv er eit kapittel i livet som nok kjem til å bli merka med travelt, konfliktløysing, bleieskift, trilling, mekling, leik og mykje mykje meir. Men eg klagar ikkje, eg har det kjempeflott!!! For gutungen kjem krypandes bort å gir meg verdens beste klem, suss og ekstra kos. Gjerne med litt snørr, middagsrestar og enno meir kos.

Juni 2011 014

Sidan han har mange kusiner, er mange av leikene med bestemora – dukker, rosaposa leiker ++, men poden har sett korleis kusinene har trilla vogner med dukkene, så han har lagt sin elsk på å kose med dukkene. Han fekk med seg ei frå bestemora, og då han fann den i kista si med leiker, vart han kjempeglad og ville kosemoseoverdose på denne.

Fann fram kameraet idag, i den hensikt at ej skulle filme poden litt, og denne snutten seier så mykje, høgt og lavt, og det skjer noko heile tida. Først – prøve å få gåbilen inn i stova, deretter pusse tennene, sette sej på bilbana, oppdage mamma, susse og ta kamera. Og det berre på to minutt…Korleis trur du dagen er ellers då? Dykk lesarar som har born sjølv, veit nok dette, og kjenner på det kvar dag. Men er litt komisk også. Ha vi hatt den energien borna har, ha vi sove godt om nettene!

No har vi akkurat ete ein fortryllandes god middag – svinestrimlar med fløtepoteter – mmm, nydeleg! No ligg beina på bordet, brillene på nasa, raua i sofaen og det er laurdagskveld. Eg skal sove litt frampå i morgon, sidan det er gubben sin dag til å stå opp – og livet er herleg. Kanskje vi avrunda denne flotte laurdagen med ein film. Har du ei anbefaling?

4 kommentarer:

  1. Aktiv liten gut, sjelden berre eit prosjekt som pågår for verden e jo så spennande!:) Lo litt da han sendte tannbørsta ned bilbana og deretter satte seg oppi sjølv. Søt. Filmanbefaling: Wanted, Gamer, Salt, Jason Bourne trilogien.. Kjem ikkje på fleire.
    SV: Nei dørmatte vil eg ikkje ha den som, for da blir den jo liggande synlig til:P Spørs om den berre får ta seg en tur med storebilen som kjem forbi her mandag.

    SvarSlett
  2. ÅÅÅ så nusselig med potemerker på knærne :) Go´gutten! Selv sitter jeg nå å nyter livet uten barn mens jeg drømmer om livet med barn :) Gutta ser på kampfilmer jeg har snakret sammen og jeg finner en velfortjent pause i min vertinnehverdag :) Elsker livet i dag! Ha en superduper kveld med familien Elisabeth Ingeborg! (Bruker du forresten begge navnenen?)

    SvarSlett
  3. Tusen takk!! <3 Klemmer tilbake! Må si jeg har vært sløv på å kommentere, låner en dritt pc som såvidt funker :/ Men blir bedre og jeg leser! :)

    SvarSlett
  4. Hihihi :) Nydelig han er!! Den karusellen skulle jeg gjerne tatt meg en tur på selv :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails