torsdag 23. juni 2011

Jonsok for dei eldste!

I dag har vi feira jonsok i barnehagen, med fantetog, sang og is. Og ikkje mindre enn 2 jonsokbrurepar, eit i barnehagen og eit på sjukeheimen. Fantastisk! Etter jobb tok eg meg ein rask tur til sentrum, skulle hente ein pakke på Kiwi, og handle ein liten ting til hemmelig venn – bursdagsrunda. No er eg ferdig med den, så etter at eg har skrive ferdig innlegget må eg pakke inn gava, og lage eit kort. Samstundes som eg var på den vesle handlerunda mi tok eg meg ein tur innom ein kosleg butikk – som dessverre ha opphørssalg. Der fann eg meg nydeleg god lukt-voks, og ein liten ting til hemmeligvenn gava. Då eg skulle betale såg eg denne vesle lysgreia, og spurte om dei ha fleire. Det ha dei dessverre ikkje, og eg sank saman, nesten. Men ho bak disken sa at eg kunne få den som sto der, til 40,-. Jehuuu! Den er MIN! Juni 2011 040Sidan veiret ikkje var det aller beste, og vi faktisk ikkje har regnkle og støvlar til poden (Ikkje spør meg kvifor eg ikkje har kjøpt det, det står i gløymeboka), oooog på grunn av at han var mektig trøtt – så fann vi ut at vi kunne lage rømmegraut og pølser her heime, og invitere foreldra mine, og eldste bror min på middag. Å halde ein trøtt unge vaken, berre fordi ein vil grille saman med naboar i utriveleg veir, det såg ikkje eg på som noko artig.

Så i 20.00 tida var det tid for rømmegraut og pølser med brød. Ei stor panne med mykje god rømmegraut, og alt gjekk vekk, og vi var berre 4 stk. som åt av grauten. Eldste bror min er ikkje så glad i rømmegraut, så eg laga risengrynsgraut til han, ei lita smaksprøve – porsjonspakning. Juni 2011 041Sjølv om vi ikkje ha bål, så vart pølsene grilla. Ingenting er som grilla grillpølser, framfor dampa pølser. Juni 2011 043Men..og ja, her kjem eit men. Det er mykje kjekkare å feire skikkeleg jonsokaft. Men neste år er det på ein laurdag, og ein kan byrje mykje tidlegare på dag med feiringa, og kanskje halde på litt lenger?

I fjor var det iallefall fint veir, god og variert grillmat, og kjekk dag ilag med familie! Korleis har du feira jonsokafta? Juni 008

2 kommentarer:

  1. Jeg har egentlig bare slappet av hele dagen jeg. Tror jeg trengte det, så da gikk alle andre planer bort! Kjempefin lykt! Synd at slike butikker bare blir borte...

    Sv: Ja, guri, jeg føler at jeg har gått glipp av massiv underholdning i lang tid bare fordi jeg var sen med å oppdage siden. Men nå har jeg i hvertfall alltid noe morsomt å lese :)

    SvarSlett
  2. såg ut som ei koselig feiring :)
    vi va me mamma og grilla :) orka ikkje ut på arrangement i regnet.. og i åmdalen vakje det nåke i år.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails