mandag 13. juni 2011

Om eg berre ha hatt…

  • Tid
  • Energi
  • Ro i kroppen
  • Inspirasjon til å blogge

Ja, det er nettopp det eg manglar for tida. Tida prioriterar eg ikkje ved pcen, vesle guten vår gjer så mykje spennandes kvar dag, så eg MÅ få med meg alt. Samstundes som det er godt å slenge pcen på fanget og berre slappe av. MEN, ja det blir eit stort “men” her, for poden let meg IKKJE halde på med korkje pc, mobil, fjernkontrollar lenger. Så fort eg får nokon av dei tinga i hendene, ja då kryp han kjapt bort til meg å skal taste. Derfor let det seg ikkje gjere – var litt enklare før då han berre låg i ro ja. Men eg klagar så visst ikkje, det er godt å sjå at han er i utvikling. Og han treng mora si dei få timane han er våken og eg faktisk har tid til han. Eg prøvar så godt eg kan, eg tek med meg familien på små “utflukter”, besøker folk og oppsøkjer “folkemengder”. Som til dømes i dag, då var vi på Pinsemarknad i Åmdalen. Før vi reiste dit, var vi på besøk med Janita, og borna hennar. Marius leika både med jenta og guten hennar, og kosa seg masse. Er kjekt å få leike med andre sine leiker, sjølv om dei har mange like leiker også. Nye spennandes leiker er alltid kjekt.

April 3

Eg slit for tida med veldig dårleg energi, heldigvis gav veiret idag meir energi med litt sol på himmelen. Den siste veka har vi hatt skodde ned på nasetippen, og det har vi kjent godt alle mann. Mange har klaga på tunge kroppar, hovud som vil sprenge, og ryggar som ikkje er gode. Den skodda har vore veldig tung, sidan den har vist seg heile døgnet. I tillegg har poden bestemt seg for at å sove om natta er IKKJE kult, dermed har han holdt det gåandes mellom 2-6, så det har vore lite søvn dei siste dagane. Og ja, vi har faktisk byrja dagane klokka seks, noko som har enda i sofasoving på kveldstid, veeeldig kjedelig.

Haust 2009 125

Om eg berre ha hatt ro i kroppen, ro til å kunne setje meg ned ved pcen for å blogge, ja då ha det kome mange innlegg i løpet av helga. Vi har no hatt langhelg i heimen, men blogging har det ikkje blitt. Som eg nevnte over så har eg ikkje hatt energi, ein god illustrasjon på dette er at eg faktisk har sovna ved pcen, mange gongar denne helga. Veldig lite artig om du spør meg.

I tillegg til dei tre øverste punkta, kjem inspirasjon snikande. Eg manglar inspirasjon til å skrive, eg finn den ikkje nokon plass. Eg føler eg ikkje har noko å fortelje dykk, men det har eg, trur eg. Men eg finn vel både inspirasjon og motivasjon godt gøymt, bort i eit hjørne, saman med hybelkaniner og anna rusk. Nei, det tvilar eg på, for her i hus er det aldri hybelkaniner, haha! (Monica, her ha det passa med ein geipandes smiley, ikkje sant?)

2 kommentarer:

  1. nei det va dinna tida og energien da.. jaja, om 12 år søve vefal kidsa våra godt - sikkert litt for godt :p

    Koselig å treffe dokke i dag! :D

    SvarSlett
  2. Uten inspirasjon er det vanskelig å blogge. Been there, done that. Mange ganger! Men det er bare å ta den tiden du trenger, og blogge når lysten og inspirasjonen er tilstede.

    Du er jo i en viktig tid i livet, hvor lillegutten trenger litt mer oppmerksomhet, og da gjør du jo veldig rett i å tilbringe tid med han. Stå på og vær deg selv :) Det er jo det vi liker så godt med deg!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails