Eg har sagt det før, og eg seier det igjen. Vi ventar fortsatt på det vesle barnet som skal kome i desse dagar. Men barnet har det tydelegvis godt der det er no, og om han skal vere lik dei to siste søskena, så ventar han på at snøven skal kome. Sidan det mest truleg ikkje vert noko snøv dei nermaste dagane, så bør han kome no når det er “fineveir”. Medan vi ventar, ja då strikkar vi litt. Eg har eit teppeprosjekt på gong, eg veit ikkje kva eg skal med teppe, men det er iallefall eit prosjekt. I dag då vi var på handel, tok vi turen innom Europris. Der finn eg alltid eit eller to nøster som vil bli med meg heim, og sidan eg er inne i ei strikkeperiode, ja så fekk garnet bli med meg. Før vi skulle på middag med foreldra mine, la eg opp masker til ei hue til Marius. Sidan fargane skiftar heile tida, får eg strikkekick. Eg strikkar og strikkar, til eg kjenner blodsmaken i munnen, og fingrane blir fulle i blemmer. Kanskje ikkje riktig så gale, men det er ikkje langt ifrå. Eg ensa knapt at Marius knuste ei potte til mor mi sine planter.
Bamsefar fekk prøve hua ikveld, som faktisk vart ferdig. Og som gubben skreiv på facebook idag, “det har blitt huefabrikk i stuå”. Eg gav meg ikkje før eg vart ferdig!
No håpar eg berre at hua passar knerten, slik at eg kan fortsette med neste prosjekt.
Neste prosjektet er med dette nøstet. Spennandes?
Eg håpar du får ein fortreffeleg søndag i morgon. Og hugs å stille klokka.
Kjempe fin hue! Ej he et lignande garn i blått liggande so venta på å bli lesta til Abel Elias. Ej må berre får lagt det opp først, og akkurat der he ej ei lita dørstokkmil kjenne ej. Må få gjort det snart, kansje i kveld? :)
SvarSlett