Det er 10 dagar igjen til termin, og vi ventar og vi ventar. Om få dagar kjem det 7(8) søskenbarnet til Marius, til verden. Og vi gledar oss voldsomt til det skjer. Å kose med ein liten baby, å kunne sniffe babylukt. Berre det å halde eit lite menneske i armane, ein liten kropp som ikkje veit kva kvardag eller helg er for noko. Den vesle kroppen veit ikkje kva som skal skje i morgon, eller kva som skjedde igår.
For eit lite menneske er det ikkje enkelt å skjøne at det skal skje veldig mykje i løpet av eit år. Når eg tenkjer tilbake til då poden kom til verda, skjønar eg at det var mykje eg ikkje visste også. Eg visste ikkje at eg skulle få så uendeleg med kjærleik til han, eg visste heller ikkje kva som skulle skje med han dagen etter, og at han lærte seg nye ting for kvar dag. Eg visste rett og slett ikkje når dei ulike utviklingstrinna skulle inntreffe mitt eige barn. Eg var uvitande, og det med glede. Det ha vore litt dumt om all utvikling var forutsigbar, at vi visste når ungen skulle lære seg å rulle frå mage til rygg, eller frå rygg til mage. Eller at vi visste når ungen skulle lære seg å gå.
I går kom poden bort til meg, med fingeren foran munnen, og på nasa, og seier hysj. Det ha eg aldri hørt frå han før, og iallefall ikkje med fingeren foran munnen. Men det var ei sann glede. Han smilte frå øyre til øyre etterpå, for han fekk til noko som gav mora eit smil om munnen.
Elles har vi hatt besøk av svigermor i helga. Poden har kosa seg, nye kle og nye leiker ha ho med seg, og det til glede for poden. Sidan onkelen ha bursdag i september, sendte vi også med ho svigermor ei lita gave, og dette kortet.
Eg vonar dykk har hatt ei fin helg, anten med eller utan besøk av svigermor. Vi ventar fortsatt på barnet som skal kome til verda. Det kan skje når som helst!
Så koselig!! Spennende å vente på nye små! Håper du snart får lukte på! <3
SvarSlettåw, tenke det blir koselig å bli tante! Gler mej til det e min tur me snart:)
SvarSlettSpennande!
SvarSlettDet blir spennende å bli tante igjen - og det blir etterhvert flott for Marius med et søskenbarn som ikke er så mye yngre enn ham selv:)
SvarSlett