I anledning min brors bursdag forrige veke, kjøpte svigerinna mi ei nydeleg kake til sin mann. Denne kaka fall i smak med bror min, i alle fall det som var oppe på kaka. Og sidan han har funne ut at oreokake er den beste “ostekaka” i verda, så fall den også i smak. Ja, han har lagt den i kategorien ostekake, etter at han fekk vete at det var ost i den.
Og kva er vel ei bursdagskake utan namn?
Vi storkosa oss i selskap, og kona til bror min hadde ein plan om å møte ei venninne på føda for “felles fødsel” klokka 21. Men ingen av dei møtte opp…
Vi går fortsatt heime å ventar på ei lita oppdatering.
Vesle Marthe mora viser at ho er høgare enn Marius. Noko som i seg sjølv er heilt sant, for ho er tross alt to år eldre enn vesleguten.
Å feire selskap er kjekt for både store og små. Og då onkelen sette Marius i dukkevogna var det gjort. Det var latter, morro og glede for alle saman, men mest for Marius og Jenny. Som dykk ser så storkosa dei seg. Eg har stor blogglyst for tida, men anar verkeleg ikkje for kva eg skal blogge om. Kameraet er ikkje med meg heile tida heller. (Og ja, eg veit eg har nemt det før, men eg skal bli flinkare) Kva tykkjer du er kjekt å lese om?
Kjempe fin kake!!
SvarSlett