tirsdag 18. oktober 2011

Utan ord…

Vi har slengt oss i sofaen, med joggebukser på, strikket ved mi side, og planar om ein tvkveld utan like. Først var det ein time med Hotel Cæsar, gårsdagens og dagens. Deretter Sinnasnekkeren på TVN. Og det er her eg kan referere til tittelen av innlegget. Det er verkeleg ikkje mogleg å gje opp, slik som dei har gjort på fjernsynet. Dei har levd på ein hybel, i 25 år, med ein gutunge på slep. For ikkje å snakke om kjøkkenet dei brukar dagleg, som ikkje har innlagt vatn. Og baderomsinnredninga som er på soverommet deira. Og så var det det kjøkkenet som dei har holdt på å pussa opp i mange mange år, dei kjøpte ei kjøkkeninnreiing i 1991, ja, i 1991 folkens, for 20 år sidan, som dei ikkje har fått opp. Som han Otto sa, folk byttar ut kjøkkeninnreiing etter 20 år.

Eg har ikkje ord for korleis dei har levd. Det går rett og slett ikkje an å setje seg inn i korleis dei har hatt det. På ein liten hybel på loftet, utan vatn på dei riktige plassane.

For å vere ærleg, så trur eg at eg ha flytta etter nokre år i slikt kaos. Ikkje venta i 25 år!

2 kommentarer:

  1. Enig me dej, heilt sjukt at dei he bodd slik i 25 år!!! Skakje vere mulig! Godt dei endelig fekk ordna opp vefal :)

    SvarSlett
  2. Det hadde jeg ikke klart i mange ukene...

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails