mandag 17. oktober 2011

Er kommunikasjon viktig?

Er det verkeleg bra å nytte verbal kommunikasjon i kvardagen? Får vi noko ut av kommunikasjon kvar einaste dag, mange timar i døgnet?

Dersom nokon svarer nei på spørsmåla ovanfor, undrar eg meg over kva for liv dei lever. For JA, kommunikasjon er kjempeviktig. Ein kan ikkje streife igjennom døgnet utan å kommunisere. Men kva kommuniserer ein om? Til dømes i dag tidleg, då eg var i jobb og barnehagemodus. Ordna både meg og poden på badet, leika litt, kika litt på fjernsynet og snakka med gubben. Då gubben ha reist på jobb, og det var tid for enno meir pode’kos, viste det seg for at det hadde eksistert dårleg kommunikasjon i heimen. Eg fann ei matboks i sekken til poden, denne la eg til sides, for å legge matboksa med fersk mat i sekken. Etter at eg ha levert poden kom eg på at den matboksa som først låg i sekken, kanskje var dagens matpakke, laga av gubben. Dette måtte eg finne ut av, og ringte deretter til gubben. Og JA, det VAR dagens matpakke, laga av gubben. Dette er sikkert typisk for mange småbarnsfamiliar rundt om i landet, og det er nok ikkje siste gongen det skjer, men…Kommunikasjon BØR vere til stades. September 2011 047Det var ikkje for utan grunn at gutungen sat i gangen i dag tidleg, med sekken på armen, etter at gubben ha reist på jobb. Stakkar vesle poden ha planar om å ha med seg sekken i barnehagen, med den ferske maten som faren hans ha laga.

2 kommentarer:

  1. Huff då! Klassisk. Håper du fann det ut før han spiste maten :-). Veldig enig! Kommunikasjon er heilt nødvendig i ein hektisk kvardag!

    SvarSlett
  2. Hehe. Sånn kan det gå! Kommunikasjon er viktig ja, men etter litt så går man litt på autopilot ;) Når det er sagt så er jeg gla for at vi slipper å huske på matpakke til barnehagen :p

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails