onsdag 5. oktober 2011

Til deg…

…som gjekk over vegen som eg kjørte på i kveld. Du hadde korkje refleks eller lyse kle, du gjekk heller ikkje fort. Og når fartsgrensa er 70 km/t kan du sjølv tenkje deg det tragiske utfallet ha vorte, dersom det ikkje ha vore lyktestolpar der du gjekk. Du hoppa høgt og langt då eg tuta voldsomt på deg. Men eg håpar du skjønar kvifor eg gjor det. Kanskje du lærte av det?

Eg vil ikkje ha det på samvittigheta mi, at eg har kjørt på ein person. Og i verste fall ha drept ein person, fordi DU ikkje ha på deg refleks.

Eg vil med dette oppmode alle saman til å bruke refleks, slik at eg og du slepp å køyre på nokon. Ver så snill!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails