onsdag 12. oktober 2011

Potet

Akkurat no føler eg meg som ei potet. Ikkje fordi eg har ein jobb der eg gjer absolutt alt mogleg, for det har eg ikkje. Det er heller ikkje fordi eg gjer alt heime heller, for eg er så heldig at eg har ein sambuar som også tek i eit tak no og då. Det er rett og slett fordi eg har vore i barnehagen som eg nyleg har starta i, å ete potetball, laga frå botnen av. Det smakte fortreffeleg! Sjølv om eg sakna rabbestappa, og sirupen!

Eg har innsett kor godt det er å bu nærmare jobben min! Det var ikkje eit tiltak å fare tilbake på jobben, halvannan time etter at eg var ferdig på jobb. Eg slapp å vere igjen på jobb (slik som eg har måtte gjort i dei to siste jobbane eg har hatt) Og eg fekk vere saman med poden etter jobb, og før middagen i barnehagen. Dersom eg hadde vore pendlar måtte eg ha venta til neste dag med å få kvalitetstid saman med han.

Dersom eg får ein jobb som eg må pendle til igjen, så trur eg at svaret er nei, rett og slett fordi pendling ikkje er noko for meg, når eg ser kor stor gledje eg har av å IKKJE pendle. Eg likar godt å kjøre bil, og egentida i bilen er ubeskriveleg god. Men kjærleiken eg har til poden er større enn behovet for å ha egentida i bilen.

September 2011 086

Denne storsjarmøren fortjener at mora ikkje er sliten av pendlinga! Han fortjener å få oppleve all den kjærleiken eg har til han. Uansett! Også når eg føler meg som ei potet!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails