søndag 2. oktober 2011

Med sommarfuglar i magen

Eg set godt planta i sofaen no, med flygande sommarfuglar i magen. Eg er spent, eg er ein smule nervøs, eg er nysgjerrig, eg er rett og slett klar for å ikkje kjøre i minst ein halvtime for å kome meg på jobb. Eg er klar for å bli kjent med mange kjekke born, klar til å samarbeide med nye kollegaar. Ja, eg er klar for å starte i ein ny jobb. Eg må berre få meg ei god natts søvn først.

Dei siste dagane har vi hatt nydeleg sommarveir her i Volda. Ja, du leste rett, vi har hatt temperaturar som ikkje har hatt i sommar, i fleire dagar i strekk. Hadde vi berre hatt slike dagar i sommar også, det er litt uvant å ikkje kle på ull på poden før barnehagen.

September 2011 072

Sidan poden likte så godt denne bussen, då vi var på nordmøre sist. Så kjøpte svigermor ein slik til han, som han fekk igår. Han stod utolmodig å venta på at eg skulle opne øska, og det skjedde ikkje fort nok, så han ville hjelpe til.

No skal eg finne fram strikket igjen, og fortsette på moods of norway hua som Nadja bestilte med meg. Håpar eg blir ferdig med den snart!

4 kommentarer:

  1. Lykke til i nye jobben! Første dagen e alltid den verste ;)

    SvarSlett
  2. Håpe første dag i ny jobb går fint. Ørsta eller Volda?

    SV: Veit ikkje når Vaffelhjarte beg på tv, trur ikkje dei he komt med datoen endå.

    SvarSlett
  3. Lykke til i dag, håpe det går bra! :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails