onsdag 27. juli 2011

Ah! Så det er SÅNN det er!

Enno ei IKKJE nynorsk frase på bloggen min. Men igjen, det var det første som slo meg då eg skulle velge tittel til det komande innlegget.

På søndag var det tid for å besøke onkelen og tanta til gubben. Sidan onkelen er berre nokre få år eldre enn gubben, har han små barn. Og søskenbarna er glade for å få besøk av det eldre søskenbarnet sitt, med familie.

Poden er kjempe fornøgd med å leike med jenter, noko han er van til heimafrå. Men der er ikkje berre jenter i trekløveret, til slutt kom det ein gut. I juli i fjor, to og ein halv månad etter at poden kom til, kom denne vesle guten til verda. Eller vesle…han har sidan starten vore større enn Marius, og det fekk vi bekrefta no igjen, etter at han ha vore på eitt års kontroll.

Ferien vår 2011 024

Men når det kjem til utvikling, ja då er det vesle poden som skorar høgast. Poden vår viste korleis søskenbarnet til faren skulle leike med dei ulike leikene. Og også kvar dei kunne krype og klatre. På biletet over sat poden å ha “heia, hallo, hallo”.

Ferien vår 2011 029

Dei visste at dei ikkje fekk lov, men dei berre MÅTTE ut på tokt. Utforske verden e viktig, men rett over plenen gjekk vegen. Og på den kjørte det mange kjekke bilar, for ikkje å snakke om dei store bussane.

Komande søndag fyller søskenbarnet til gubben 1 år, så vi må ta oss ein tur til Kristiansund eller Molde for å kjøpe bursdagsgave.

1 kommentar:

  1. Så gøy når de er så jevngamle:) Gøy og se hvordan veslegutten deres viser hva minsten må gjøre. Helt herlige bilder:)

    Turen vår går til Bø i Telemark. Vi skulle egentlig på en lengre tur,men vi rekker ikke annet siden barnehagen starter allerede på mandag. Alt er bedre enn ingenting:)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails