Som eg har sagt fleire gongar før, så er eg ein buzzador.
Tidleg i mai mottok eg to pakkar frå buzzador. Ein stappfull med Jogolino, og ein stappfull med Frutti.
Jogolino
Jogolino er eit perfekt mellommåltid for ungar frå 10 mnd. Poden har likt dette mellommåltidet frå dag ein. Og no ler han godt når han ser eg tek fram eit slikt beger. Dei andre ungane som har smakt denne typen Jogolino, med fersken og banan har virka fornøgde. Og det er ikkje tvil, eit så enkelt mellommåltid er kjekt å ha med seg både på tur, og på lur i kjøkkenskapet.
Frutti

Frutti er som du ser, frå 12 mnd. Første gong poden smakte denne var han 10 mnd gammal, og meistra ikkje det å drikke frå sugerør då. Men så fort han bikka 12 mnd, var det ingen problem med sugerør. Alle ungar er forskjellige, så det er ikkje sikkert at dei handterer sugerør. Akkurat det er litt minus med denne. Men smaken fell i god jord med både eitt åringar, og 9 åringar, for eg har testa denne på mange av mine tantebarn.
Alt i alt
Dette er to gode produkt eg kjem til å kjøpe til tantebarn og mine egne ungar i framtida.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar