mandag 11. juli 2011

Feriemoduset er aktivert

Hovudet mitt er på plass på skuldrane mine, meir enn det veit eg ikkje. For det fungerar ikkje som det skal, snakkar rundt meg sjølv, og lurer både meg og andre trill rundt. Du tykkjer det verkar som eg har blitt hovudlaus? Ja, eg har kanskje det, det verkar iallefall slik. For eg fungerar ikkje som eg burde ha gjort. Kanskje eg ha fungert betre om veiret ha stemt med årstid og kalenderen?

Men nok om meg og mitt skrullete hovud, det er lite eg kan gjere med det no. Kanskje det blir litt meir system i mitt rotete hovud når eg tek til på ferie? Ferie ja, eg har faktisk starta nedtellinga til ferien min. Berre to dagar på jobb denne veka, før det er helg. Og når helga er over, er det berre fire dagar igjen på jobb, til eg startar på ferien min. Skal bli så utruleg godt med familietid.

Det er mykje som skal skje i ferien, mykje hemmeleg som eg ikkje kan røpe på bloggen. Men som garantert er bloggbart, når den tid kjem.

Har du sett meg blond før? Vel, no har du sjangsen!

hamna 020

Kan også nevne at nervane mine ang. å vere forlovar, steig betraktelig då eg og Janita var på kino i går og såg Bridesmaids! Kva om alle i utdrikkingslaget blir matforgifta, for ikkje å snakke om total mangel på kontroll på flytur, eller at det skal vere nokon andre av den jentegjengen som tek over kontrollen på all planlegginga, slik at eg endar opp med å bli uvenn med bruda. Nei, no skal eg rett og slett sleike meg oppetter leggen på Janita, slik at ho ikkje vel noken andre til å hjelpe ho, og til å vitne under vielsen.

3 kommentarer:

  1. begge to som blondie, ikkje verst ;)

    Satsa på "vårt" utdrikkingslag og bryllupsforberedelsa ikkje blir fullt så ..dramatiske som i filmen ;)

    SvarSlett
  2. Ferien vår begynner fredag ettermiddag! Åh, så godt det skal bli! Hjemme har de kjempe sflott vær, så skal bli godt å komme seg over til sola ;)

    SV: Hehe, ja. var det da! Men går jo an å gi bort i gave, hvis man kjenner noen som har bursdag snart. Eller kanskje begynne på julegavene allerede? ;) Drømmehuset er så langt bare en drøm. Vi vil også bygge, og har bestilt en drøss av kataloger, men så er det å finne tomt da. Hehe.

    SvarSlett
  3. sv: Enig,det er tungt! vanligvis er jeg ryddefreak,type ALLTID. men nå lar jeg det ligge, litt til... :)

    god ferie :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails