I denne uverkelege, uforklarlege tunge og dempa stemninga, må vi stå saman. Ta vare på dei vi har rundt oss, gje dei ein ekstra klem. Seie dei fem nydelege orda, men som ikkje er så enkle å seie til ei kvar tid – “Eg er glad i deg”.
Og som vår kjære statsminister sa. Det er så urettferdig, og dere skal vite, at vi gråter sammen med dere. I skrivandes stund set vi å ser på gudstjenesta som vert sendt på NRK1. Det er tungt å høre kor tungt folk tek det. Godt kjende folk i Noreg, men samstundes heilt vanlege folk, med heilt vanlege følelsar.
I går var vi i Molde sentrum, sidan det var moldejazz, for å kike litt i gatene. Men det var ei dyster stemning der, det var ikkje mange ansikt som stråla, slik det har vore dei andre åra. Ingen ropte og hoia for å helse på kjente og kjære. Det var stille, og alle snakka om det samme.
Vi veit ikkje kva morgondagen vil bringe, ingen veit når ting plustelig skje. Men Noreg vart brått snudd på hovudet. Men vi må hugse på å ta vare på dei vi har rundt oss. Ingen skal takle denne sorga aleine.
Det har vore mange tankar som har surra rundt i mitt vesle hovud denne helga. Mange såre tankar, uforståelege, uverkelege tankar. Og ein av dei er – Korleis har foreldra, familien og vennane til Anders det no? Det som skulle vere ein hyggelege mann, ha i skjul planlagt dette i 9 år. Har nokon av desse fått med seg noko av planlegginga?
Nei, eg er utan ord, full i tårer, og eg har kjærleik til alle som treng det. “Om ein mann kan vise så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik vi kan vise saman.” Nydeleg sagt, frå ein tapper AUF-medlem!
Eg gir gjerne ein ekstra klem,
om du treng det,
eg lyttar gjerne til deg,
om du treng det.
Eg er der,
om du treng meg.
Gode ord Elisabeth!
SvarSlett-Einy