No er vi på vei til svigers…Først til svigermor, deretter til svigerfar. Kor lenge vi blir vekke, er enno uvisst. Men at vi skal heimatt, det er det ingen tvil om, for eg må no vere med på utdrikkingslaget til Janita.
Poden kan no gå med denne tskjorta, utan at nokon skal kommentere noko negativt. Å ha ei side av familien som brenn for MFK og ei anna side av familien som brenn for AAFK er ikkje enkelt for ein liten tass. Det er ingen tvil om at fargen skal vere blå, men saman med oransje eller kvit er uvisst. Blir spanande å sjå kva han går for når han byrjar å interessere seg for det. (Noko mora håpar IKKJE skjer)
Om det blir blogging eller ei, på turen er uvisst. Men pcen skal vere med, og kveldane blir nok utnytta, anten til avslapping eller sosial samvær.
Det skal bli godt å kome vekk frå Volda litt, sjølv om ikkje reisa blir lang, blir den nok innhaldsrik, full av familiesamankomstar, og mykje bilkjøring. Vi kryssar fingrane for at vi får fineveir, late dagar og kroppar fulle av energi. For DET treng vi!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar