Den setninga der har nok mange foreldre høyrt, dag ut og dag inn. Alle andre har fått den buksa, alle andre…Ei setning som seier mykje, men som også kan vere irriterande, og dum.
No i desse sommartider er det mange som seier både på jobb og på facebook at dei har ferie. Alle andre he no fri…Og eg har vore lur i år, slik som eg er når eg skal velge meg ut ferie. Eit ferieønske eg alltid har fått i orden. Eg har fått erfare at sommaren er finast når eg har ferie, dermed velger eg meg ferieveker som eg er “garantert” fineveir. Det kan hende eg tek feil i år, sidan vi ikkje har hatt så mykje sommar hittil, men i går var det ei som sa det er spådd ein trasig julimånad, men august blir fantastisk, over normalen. Så då får vi berre krysse fingrane for at det stemmer, på sett og vis.
Samstundes er det ikkje verdas undergang for meg, om det er fineveir når eg er på jobb. Det er heller fantastisk for min del. For då er no vi ute heile dagen, nesten. Nyte sola, leike seg, og kanskje til og med halde på med vassaktivitetar. Noko det ikkje har vore korkje veir eller temperatur til hittil i år.
Eg ønsker meg sol, varme og familiefylde dagar i ferien. Får håpe dette ønsket blir oppfylt!
Min ferie er bundet. Så jeg har ikke noe valg. (men kan ikke si det plager meg, da sommerferien er på 8 uker+) ;)
SvarSlett