søndag 10. juli 2011

Totalt søndagsmodus: PÅ!

I dag har det vore ein fantastisk dag! Og den er ikkje over enno, takk og lov! Søndagar er til for familietid og avslapping. Så eg starta dagen med å sove frampå, sidan det var min helgedag til å sove litt lenger idag. I titida kom verdens beste, vesle gut opp i senga mi å vekte meg. Kan ein få det betre? Ei levandes vekkerklokke er 1000 gongar bedre enn ei som tikkar, og bråkar verre enn ein gris fis!

Ein halvtime etter eg ha stått opp fekk vi spørsmål om å vere med på Herøy Fritidsbad, med avreise “om tre kvarter”. Etter at eg ha snakka litt med gubben om det, fann vi ut at vi skulle vere med. Kvifor ikkje? Men så måtte ein pakke sekkar, mate unge, rake leggar, ja alt måtte gjerast, og det fort.

Å ta seg ein søndagstur på Herøy Fritidsbad er så aboslutt ikkje feil, og poden storkosa seg. Han er så utruleg glad i å bade, og det å vere i vatn. Og selvfølgelig varmar det ei tidligare svømmar mors hjerte! Vi kosa oss masse, og midt i badinga åt vi litt mat. Poden har blitt kjempeflink til å sitte i ro å ete sjølv. Så pusten i bakken var riktig avgjerdsle.

Vi var ikkje åleine om å ta turen på bading i dag, bloggaren Malina og hennar familie, og bloggaren Lill Anette med familie hadde også tatt turen dit. Kjekt å sjå kjentfolk også av og til, og ikkje berre Herøyveringa til ei kvar tid, eg ser masse av dei ellers også.

No har vi levert poden på overnatting, sidan mor mi skal ha han i morgon, så slepp ho å stå opp så tidlig for å passe han. Og eg skal på kino saman med Janita, er evig lenge sidan eg har vore på kino saman med venninder, så dette skal bli koseleg! Må hive meg rundt å gjere med klar, ha ein fin søndagskveld! For ikkje å snakke om ei fantastisk flott veke. Ferie eller ikkje! Den er til for å nytast!

3 kommentarer:

  1. Sv: Ja, det va første gongen våre (men blir ikkje siste;) )

    SvarSlett
  2. sv: Jada,rutinene faller på plass. Forhåpentligvis i løpet av uka han er hos pappaen sin :P
    Jeg får virkelig ladet opp. Tror jeg trengte det :)
    Ha en fin uke du også! :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails