Veiret denne veka har ikkje vore av det verste slaget akkurat. Dei har starta med tåke langt ned på storetåa, og litt lett yr til tider. Men ut på dagen har det kome seg. God temperatur, himmel utan skyer og så ein ting til. Åhh, eg kjem ikkje på kva den heiter, for eg har ikkje sett den på lenge lenge, føles det ut som. Ahh, ja, det var sola.
I går etter arbeid gjekk vi opp på terrassen til min kjære storebror. Der fekk me middag og dessert. Og sidan det var så varmt, så tok dei ut ein badestamp, slik at poden og søskenbarna fekk bade seg. Og det var kjempestor stas. Første gong for poden at han fekk bade ute, plaske så mykje vatn utover som han berre greidde, bløyte kusinene og nyte utetida.
Kva er vel ikkje betre når ein har tidlegvakt, enn at det er meldt fineveir, og at veirgudane faktisk held det dei lovar? I dag har eg hatt tidlegvakt, og då eg såg ut vindauget for første gang, såg eg at det kom til å bli fineveir. Var ei tynn skoddestripe som dekte litt av Folkestad, men den bygda har eg sett så mange gongar, at eg tek ikkje skade av å ikkje sjå heile. På jobb har eg vore ute store delar av dagen, og det er så utruleg godt å ha ein slik jobb, når det er fint veir!
No er det berre to veker igjen med arbeid, og så har eg ferie. Skal bli godt med litt fritid saman med favorittgutane mine.
I dag har forresten eldste niesa mi, Nadja bursdag, og blir 11 år i dag. Dagen feirar ho i Thailand saman med mora og eldste søstera, og eldste veslesøstera.
Gratulerer med 11 års dagen, Nadja!!
Har hatt mange idear til blogginnlegg i løpet av veka, men har ikkje tatt meg tida til å blogge. Har brukt tida på planlegging utdrikkingslaget til Janita, som snart skal gjennomførast!
Takk for koselig kommentar inne hos meg. Artig å se nye fjes der inne ;)
SvarSlettPulsen steig 20 hakk når ej las "snart" gjennomførast. Snart e heldigvis et vidt begrep. Grur-gler mej fortsatt ;) Gler mej mest da men :D
SvarSlett