fredag 8. juli 2011

Snart barnehage

Guten vår skal snart byrje i barnehagen. Og i dag har vi vore å besøkt barnehagen. Der var søskenbarna hans også, og dei viste han gladelig rundt i uteområdet. Marthe viste han kvar bussen var, og sa at han kunne få kjøre bussen, og at ho kunne sitje på. HTC 693

Ser verkeleg kor ho gledar seg til å ha søskenbarnet sitt der. Då kan ho passe på både vesle systera, og vesle søskenbarnet. Det blir stor stas. Ho henta spade til han, slik at han kunne få spade litt i sanden, spurte om han likte sukker på kaka som ho laga, og om han ville leike med sukkeret.

Då dei skulle ete, vart vi med bort til bordet. Og Marthe kika bedande på meg..”tante, skal du hente mej idag?” Eg tenkte meg at spørsmålet kom, før eller seinare, og eg måtte berre skuffe ho, for eg hadde ikkje seter i bilen til å hente kusinene til poden. “Nei, ej skal ikkje hente dej idag, for det skal han pappa gjere” svarte eg. Då kom den fortvila maska på. “Ja, ej veit no det…”

Etter at vi ha handla litt, reiste vi heim for å grille. Og Marthe kom på terrassen etter at ho ha blitt henta. Eg spurte om ho ville ha ei pølse, etter å ha ete eit par marsmellows. “Nei, ej vil ikkje ha pølse no, so ej seie neitakk” Søte vesle Marthemora mi.

Vi har ete nydeleg grillmat idag, og no sit eg henslengt i sofaen. Prøva å lade opp til å merke dei reine kleda til poden, som ligg i stampen.

1 kommentar:

  1. ser ut som d va en bra dag i bhg :) Berre å begynne å merke ja ;)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails