Det er ikkje rart at vi kan bli hovudstups forelska i kjendisar som ein ser i blad, aviser og på internett. Dei er flotte å sjå på, og ha sikkert smakt sukkersøtt om vi fekk lov til å smake på dei også. For hundre og nitti år sidan, då eg var mindre, og kjøpte TOPP, som forøvrig var eit veldig populært og mykje omsnakka pikeblad – fylde det ein gong med nokre kort. Som ein skulle skrape på, for å få fram lukta av manneparfyma som kjendisen brukte, eller tåfisen til ein annan. Ja, det var før i gamle dager det, då vi trudde at det faktisk var slik. 
At ein berre kunne skrape på halsen til kjendisen for å få lukte på han, kanskje til og med smake på han. For ikkje å snakke om dei 100 kg med lebestift som vi kleistra på munnen, haka og overleppa, for å lage skikkelig kyssemunn på kjendisen. Ja, vi ha faktisk kyssa på denne mannen. Den deilige mannen med vaskebrett, fint lyst hår, med midtskille. Åhh, det var drømmemannen det, han som vart kyssa på om morgenen, midt på dagen, på skulen, heime i senga, ja over alt. Vi var betatt, alle jenter…
Men korleis er det for dagens unge? Lagar dei kyssemerker på pc skjermen sin? Eller kanskje dei skrapar på skjermen for å få fram herredufta?
Eg må seie at eg vart litt skuffa då eg kom over denne sida. Iwanex har endra mitt syn på drømmemannen frå gamle dager. Hadde dei verkeleg ikkje vaskebrett, lyst hår og midtskille? Var ikkje han verdt all den lebestiften eg kleistra på munnen hans?
For ikkje å snakke om når eg googla på midtskille no. Dagens unge jenter veit nok ikkje kva ein mann med midtskille er. Det som dukkar opp er midtrabattar i norske vegar, og jenter som har teke bilder av seg sjølve, for så å legge ut på nettet, MED midtskille. Nei, eg får late att augene, og drøyme om vaskebrett, midtskille og kyssemunnar.
Oj. Må si det faktisk var forfriskende å se hvordan de flotte damene egentlig så ut. Hehe. Jeg har aldri vært fan av midtskille, og hvertfall ikke på gutter. Hehe. liker kort hår på gutta mine ;)
SvarSlettStemmer bra det, hadde en sånn plante som glefsa i seg det som fløy forbi:) Den var passe ekkel, hehe. Den døde her sist sommer da den stod ute i litt for kaldt vær...
SvarSlettååååå. Dissa skrapekorta hadde ej gløymt! Her va det Jared Leto som va den store;)
SvarSlett